Leiar 10. februar

Bjørke har talt

Resultatet er tankevekkande, men ikkje overraskande, står det i leiarartikkelen 10. februar.

Torbjørn Saure Hoel var ein av dei "unge vaksne på Bjørke" som tok initiativ til prosessen med å vurdere grensejustering. 

New Articles

Så er det endelege resultatet etter innbyggarundersøkinga på Bjørke og Viddal klart. Tendensen er klar: Dess yngre, dess klarare ønske om å bli med i nye Volda.

Resultatet er tankevekkande, men ikkje overraskande. Dei unge sender borna sine til barnehagar og skular som ligg i Nye Volda, og vil gjerne ha stemmerett her, slik at dei kan delta i det politiske livet som legg føringar for oppvekstsektoren.

Men dette handlar om meir enn skule og barnehagar. Og no har dei rundt 100 personane over 16 år i Bjørke og Viddal krins sagt si meining.

Når 42 prosent av alle spurde, og eit markert fleirtal av dei unge, vil til Volda, så viser det kva veg utviklinga går. Men når 56 prosent vil vere i Ørsta så skal det mykje til for at overordna styresmakter skal vedta noko anna. Ei folkemeining er ei folkemeining. Å gå imot eit så klart fleirtal må kunne kallast ei tvangsflytting.

For dei unge på Bjørke var det eit poeng at det vart sett i gang ein nøytral prosess, i regi av utanforståande organ, i dette tilfellet Fylkesmannen. Det har nok vore naudsynt. For debatten har vist at dette er eit kjensleladd tema.

Det har vore ein interessant prosess også for oss som ikkje bur på Bjørke og Viddal, og som er opptatt av framtida for Ørsta – Volda. Debatten har synleggjort at utviklinga, først og fremst når det gjeld samferdsle og kommunikasjon, gjer at gamle kommunegrenser vert sett under press.

Fleire enn næringssjef Odd Magne Vinjevoll har nok revurdert sitt syn på spørsmålet om kommunesamanslåing, og kome til at heile kommunegrensa er moden for justering, ikkje berre grensa inst i Hjørundfjorden.