Under Arctic Entrepreneur onsdag kveld fekk Volda maskin prisen for Årets lærebedrift 2017 i anleggsbransjen. Det skriv Våre Veger.

Volda-bedrifta var ein av seks nominerte til prisen, og dei gjekk av sigeren grunna at dei tenkjer langsiktig og har kontinuitet i fagopplæringa.

- Bedrifta har eit mål om å ha ti prosent lærlingar til ei kvar tid, og dei siste tre åra har alle lærlingar i Volda maskin som har gått opp til fagbrev bestått. Bedrifta stiller tydlege krav til sine lærlingar, men er likevel romsleg når det trengs.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner delte ut prisen til dagleg leiar Jon Grebstad.