Parkvegen er stengt for gjennomkøyring ved Nekken,men det hadde han ikkje fått med seg, vogntogsjøføren som kom oppover vegen i 12.20 tida i dag. Då han kom til den stengde vegen,og anleggsområdet, stoppa han ein augneblink og vurderte situasjonen. Skulle han rygge tilbake eller ikkje?

Han valde å køyre rett fram. Det vil seie på den smale gangvegen og gjennom anleggsområdet. Det gjekk berre såvidt. At arbeidet handlar om å sikre usikker grunn, tenkte han nok ikkje på.

Han trudde nok ingen såg det, men hadde nok ikkje rekna med at heile staben Møre-Nytt hadde orkesterplass til hendinga.