Uhellet skjedde på Ørsta skisenter onsdag kveld. Ein 20 liters plastdunk med vatn kom i full fart nedover bratthenget.

– Den traff ei dame i foten.Det såg stygt ut, men gjekk bra. Det kunne endt skikkeleg gale med den farten dunken hadde. Dette skal ikkje skje. Vi har ungar der, skriv ein tipsar til Møre-Nytt.

Redningsøving

Driftsleiar Rune Moltudal ved Ørsta skisenter seier at dette var ei beklageleg hending som skjedde i samband med ei redningsøving.

– Dunkane med vatn vart plasserte på stolane på skiheisen, og det var øving på nedfiring. Prosedyren var at dunkane skulle plasserast trygt,men likevel var det ein av dei som deltok på øvinga som tok med seg ein dunk nedover bakken. På ein eller annan måte miste han denne dunken. Dette er berre å beklage, seier Rune Moltudal.

Traff kvinne

Dunken traff ein kvinneleg skiløpar i foten.

- Vi tok hand om kvinna,men ho var berre lettare skadd, seier Moltudal.

Han  forsikrar at skisenteret tar hendinga på alvor.

– VI kalla saman til evalueringsmøte etter øvinga. Det var i strid med prosedyrane å ta med dunkar ut i løypa, og det var dumt at det vart gjort, seier Moltudal.

Driftsleiar Rune Moltudal ved Ørsta skisenter Foto: Svein Aam