Årsrekeskapen har ikkje vore offentleg før, men er lagt fram som ein del av sakspapira til Volda formannskap. Den viser eit underskot på 427.000 kroner. Inntektene var på knappe 1,5 millionar kroner, nesten 900.000 mindre enn året før, som også var eit dårleg år.

–Vi hadde i alt 14 opningsdagar, der kun fire av desse var med heile anlegget i drift, står det i årsmeldinga for 2016/17.

Solid økonomi

Styret legg opp til ein forsiktig pengebruk der det vert tatt høgde for at det er store variasjonar i talet på driftsdøgn.

– Volda Skisenter har god budsjettkontroll, og har inndekning for dei tiltaka dei gjer, står det i årsmeldinga.

Den økonomiske situasjonen er god, trass underskotet i fjor. Skisenteret har ein eigenkapital på 4, 17 millionar kroner.

Utvidar

Det ligg no føre planar om eit nybygg på Reset, til fire millionar kroner. Volda formannskap gjekk tysdag inn for å stille kommunal garnati for eit lån på tre millionar kroner.

–Volda Skisenter AS med sitt anlegg er eit viktig tilbod for innbyggjarane i kommunen og i nabokommunane. Eit nytt idrettshus vil legge til rette for den auka aktiviteten og gjere det enklare å administrere drift og sikring av anlegget, står det i tilrådinga.

Opne for samarbeid

Av årsmeldinga går det fram at styret ved Volda Skisenter er ope for samarbeid med andre.

– Vi håper eit samarbeid med Hornindal og Ørsta kan vere med å skape auka aktivitet for anlegga, så samarbeid vil verte prioriterte oppgåver framover, står det i årsmedlinga.

Styret ser spesielt mot Hornindal.

–Hornindal og Volda kommune vil vert samanslegne. Dette bør tufte til samarbeid der  ein dyrkar ulike fortrinn og gjer kvarandre betre, og aukar tilbodet totalt, står det i årsmedlinga.

Også Ørsta Skisenter hadde ein dårleg sesong i fjor, med eit underskot på 591.000 kroner. Men i år ser det lysare  ut for skisentara. Sesongen har i alt vart i to månader, og både Ørsta og Volda Skisenter har hatt gode snøforhold.