Politiet hadde kontroll i ei 60-sone på Vartdal fredag kveld, og det var mange fartsyndarar. 16 bilførarar fekk forenkla førelegg og tre vert anmelde. To for høg fart, det grovaste tilfellet 96 kilometer i timen i 60-sona. Ein tredje stansa ikkje for kontrollen, og vert meld for det, opplyser politiet på Twitter.