Dei siste dagane har "Fugro Helmert" vore i Ørstafjorden og Vartdalsfjorden for å drive seismiske undersøkingar. Dette er første fase i arbeidet med det som kan bli Ørstafjorkryssing eller nytt Eiksundsamband.

Fugro Norway jobbar på oppdrag frå Statens vegvesen, og skal drive grunnundersøkingar i Sulafjorden, Halsafjorden og Vartdalsfjorden.

– Formålet med oppdraget er å skaffe naudsynt grunnlag for prosjektering av nye fjordkryssingar over desse fjordane. Dei foreslåtte brutraseane i fjordane kan få fundament på inntil 500 meters djupne og det trengst spesialutstyr for å skaffe nøyaktig informasjon om grunnforholda på slike djup, står det i ei pressemedling frå Statens vegvesen.

Seismikkk

Fase ein, som no er i gang, omfattar  geofysiske undersøkelser.

– Denne fasen vil gi oss ei oversikt over geotekniske forhold på sjøbotnen i større område på fjordane og vil gi svar på om dei foreslåtte traseene for bruene er eigna for de foreslåtte brukonseptene, opplyser vegvesenet.

Ørsta kommune arbeider for ei fjordkrysssing ytst i Ørstafjorden, og vil framskunde dette arbeidet. Vegstyresmaktene prioriterer Hafast, og dermed er det aktuelt med eit nytt Eiksundsamband som held stamvegstandard.