– Dette er historisk. Det er vår største avtale nokon sinne.

Slik opna dagleg leiar Yngve Bøstrand julebordet på Mosmarka fredag kveld. Kring 40 tilsette var til stades.

I løpet av tre år skal 30 nye køyretøy frå Volvo rulle for Bøstrand Transport. Selskapet vil ta i bruk kring ti nye bilar per år. Prislappen er på cirka 50 millionar kroner. Beløpet skal betalast gradvis gjennom leasing.

– Enorm vekst

Styreleiar Bjørlykke viser fram stigande grafar som provar det han kallar «enorm vekst» sidan omlegginga i 2012. Bøstrand Transport hadde 21 bilar og 24 traller i 2012. Til og med 2017 har dei vekse til å ha 42 bilar og 54 traller.

– Det handlar om å ha gode køyretøy for sjåførane våre og eit godt omdømme, seier Bjørlykke.

Eit godt omdømme er ikkje minst alfa og omega overfor kundane:

– Når vi køyrer med til dømes logoen til Vik Ørsta er vi deira ansikt utad. Då vi må ha skikkelege bilar og halde skjema, seier Yngve Bøstrand.

Lokale kundar

Dei største kundane er Vik Ørsta, Vartdal Plast, Grøvik Verk og PreTre (sistnemnte held til i Stryn).

Søre Sunnmøre er eit område med andre transportmogelegheiter no samanlikna med 2008. Då opna Eiksundsambandet, og i 2012 opna Kvivsvegen.

Bjørlykke trur mange kundar no ser at Ørsta har vorte eit godt utgangspunkt for transport til og frå regionen, nettopp på grunn av dei nemnte framstega innan samferdsel.

– Eg trur mange næringsaktørar forstår at å køyre via Dombås og ta ferje over Storfjorden før ein når fram til Søre Sunnmøre blir feil, når ein kan frakte varene «landfast» via Stryn og rett forbi Ørsta.

Ny tunnel øvst på ønskelista

Kva politikarane prioriterer av framtidig infrastruktur er viktig for firmaet.

– Ny tunnel på Strynefjellet er naudsynt, meiner Yngve Bøstrand.

I den noverande tunnelen må tunge køyretøy så å seie stoppe før dei klarer å passere kvarandre. Dessutan er dei høgste, opne fjellpartia særs utsett for vind og snø og må i kortare eller lengre tidsrom bli stengt vinterstid.

Alliert frå nabofylket

– Dette er også vår største avtale, seier Arvid Gimmestad frå Trucknor Sogn og Fjordane som importerer frå Volvo.

Trucknor og Bøstrand transport er gamle kjenningar.

– Før har vi kanskje levert ti bilar, no skal vi levere 30! Det er klart det er stort, slår Gimmestad fast.

Han fortel at dei nye bilane oppfyllar euro 6-standarden som er den nyaste EU-standarden kva gjeld utslepp av både klimagassen CO og lokalforurening.

Fakta Bøstrand Transport:

Har røter tilbake til 1985, då Per Åge Bøstrand oppretta enkeltmannsføretak

Primærdrifta er varetransport. Tilbyr også hydraulikkservice, utleige av lagerrom, hyblar og næringslokale, og bilmottak (organisert i eiget AS)

Sønene Yngve og André Bøstrand reetablerte drifta ved generasjonsskifte i 2012 og eig 50 prosent kvar. Geir Terje Bjørlykke kom inn som styreleiar samstundes

Over ein treårs-periode skal dei lease 30 lastebilar, til ein verdi av kring 50 millioner kroner

Styreleiar Geir Terje Bjørlykke (t.h.) i verkstaden til Bøstrand Transport. Foto: Tarjei Engeset Ofstad