Volda kommunestyre vedtok torsdag budsjettet for 2018, og økonomiplanen for dei neste fire åra. Her er det lagt inn pengar til kommunal deltaking i bygginga av ny idrettshall i Volda, der det også skal kome både 12,5 meters symjebasseng og 25-metersbasseng. Dessutan skal det bli ny kinosal, medan bygging av ny kultursal er meir i det blå.

– Vi ønskjer ny kinosal på samfunnshuset. Vi vil og ha kultursal i tilknyting til samfunnshuset, men dette vert byggjesteg to, seier ordførar Jørgen Amdam. (Ap).

Slepp store kutt

Drifta i kommunen neste år vert om lag på same nivå som i år.

– Eg ser at dei ikkje har det like greitt i Ørsta. Vi opprettheld drifta utan på skjere ned - nesten, sa Gunnar Strøm (SV).

Både han og andre gav kommunesamnslåinga ein del av æra for at Volda-økonomien ser ut til å vere betre enn i nabokommunen.

Auka eigedomsskatt er det store spøkelset på sikt i kommunen. Framstegspartiet med Odd A. Folkestad i spisen forseslo at kommunestyret garanterte at det ikkje skulle bli eigedomskatt i nye Volda, altså frå 2020, men dette vart nedstemt.