Stortinget har avgjort å overføre vigselsmyndigheiten frå tingrettane til kvar einskilde kommune. Frå tysdag 2. januar 2018 må kommunane vere klare til vigsle brudepar som ønskjer å gifte seg borgerleg. Ordførar og varaordførar er gitt myndigheit til å vigsle direkte i loven. I tillegg kan kommunestyret sjølv delegere vigselsmyndighet til folkevalte eller kommunalt tilsette. I Volda blir utelukkande ordførar Jørgen Amdam (Ap) og varaordførar Fride Sortehaug (V) som skal vigsle.

– Vi vurderte først heile formannskapet (ni medlemmar), men det vart litt mange, seier Jørgen Amdam med eit smil til Møre-Nytt.

Ørsta kommune stiller ikkje berre ordførar Stein Aam (Sp) og varaordførar Karen Høydal (Ap) til disposisjon. Dei tar også med rådmann i Ørsta Wenche Solheim og assiterande rådmann Eldar Øye.

– Det er fleire som vigslar seg borgerleg i Ørsta vettu, fleipa Amdam.

Stein Aam grunngjer valet om å ha fire personar klar til å vigsle, som at dei ønskjer å vere fleksible i høve tid og stad.

– Vi håpar at vigsel også kan bli ein turistaktivitet, til dømes vigsel på Hotel Union Øye, eller liknande, forklarte Øye.

Stein Aam har sagt seg villig til å vigsle folk i Sunnmørsalpane – helst meir enn tusen meter over havet.