I eit styrevedtak frå Kommunenes Sentralforbund (KS) Møre og Romsdal vert det åtvara mot konsekvensane av Helse Møre og Romsdal sin utviklingsplan for dei neste åra.

- Styret stiller spørsmål ved om det er rom for å løyse oppgåvene innanfor rammene til føretaket utan å forsere oppgåveoverføring til kommunene, før dette er forankra i Stortinget, og kommunene er gjort i stand både økonomisk og kompetansemessig, til å overta desse oppgåvene, står det i eit vedtak.

Vil ha rikspolitikarane på banen

I klartekst betyr det at ordførarane og rådmennene i Møre og Romsdal meiner at Helse Møre og Romsdal legg opp til sparetiltak som det ikkje er politisk dekning for.

- Styret ser utviklingsplanen som ein «reform» som har konsekvensar av ein slik karakter at dei bør utgreiast og behandlast på nasjonalt nivå av departement og Storting, står det i KS-vedtaket.

Initiativet til vedtaket kjem frå rådmannen i Volda, Rune Sjurgard.