Vikebladet.no. Regionavisa, som er gratisavisa på Søre Sunnmøre, har i dag, måndag, meldt oppbod.

Iføgje bustyrar Camilla Maria Solbakken vedtok styret i Nye Regionavisa AS før helga å be tingretten opne konkurs i buet til selskapet.

- Eg har akkurat fått papira frå tingretten og skal no til Ulsteinvik før å møte dei tilsette, seier Solbakken.

Ifølgje Solbakken har avisa åtte tilsette.

Regionavisa har eksistert sidan 2000, og gjekk i vår frå å kome ut som papiravis ein gong til å veka, til å bli nettavis.

Regionavisa har hovudkontor i Ulsteinvik og dekkjer dei sju kommunane som utgjer regionen Søre Sunnmøre.

- Mi oppgåve no er å få oversikt over lokala, eigedelar og dei tilsette i selskapet, seier bustyrar Camilla Solbakken.

Vikebladet.no