JubileumskonsertSymfoniorkesteret ved Høgskulen i VoldaDir. Miki Campins, solistar Louise Engeseth, song, Øyvind Robak, fiolin, Kai Evensen, cello.

Meldt av Bjørn Halvorsen, journalist i Sunnmørsposten

smp. – Nokre år etter eg kom med, feira vi tjueårsjubileum. Henta hit grunnleggjaren og greier. No er orkesteret sytti! Jøye meg! Kvar vart tida av?

Samarbeid høgskule og bygdefolk

Sjølv om orkesteret har fått nytt namn i takt med endringane i utdanningssystemet, ligg musikklina på tradisjonsrike lærarskulen i botnen. Men ensemblet hadde ikkje eksistert i sju tiår utan alle dei fastbuande proffe, semiproffe og glade amatørmusikarane. Jubileumskonserten er eit rørande døme på kva som vert mogleg med denne miksen. Repertoaret strekkjer seg frå 1600-talet heilt fram til vår eiga tid.Glitrande opning med «Watermusic» vert avløyst av cellist Kai Evensen i ein adagio frå Boccherini sin konsert frå 1700-talet. Kyrkja sin vakre akustikk kler den lune klangen hans riktig flott.Så stort som orkesteret er i dag, må dei mest klemme seg inn der framme i koret.

Robak imponerte

Solisten Øyvind Aspenes Robak har ikkje anna val enn å gå oss i møte mellom benkane.Make til fiolinspel: I dei to satsane frå Vieuxtemps sin konsert nr. 4 vert vi kjende med ein virtuos musikar med stor M.Robak spelar «papirlaust», med fenomenalt trygt overskot. Dette er svært for orkesteret også, eit lysande høgdepunkt.Maestro Miki Campins formar musikken med eleganse og naturleg autoritet.Det kan sjå lett ut. Men alle som har vore i orkester veit eitt og hitt om kva som ligg bak. Magnar Åm sitt verk Livsjàande er underfundig sprudlande. Nydeleg fløytespel i ensemblet og plystring (!) av Åm sjølv ved flygelet. Tandert, men med utbyte deretter.

Louise Engeseth

Full gass kan mange klare. Men å formidle i andre enden av verkemiddel-skalaen fordrar knallhard innsats av alle. Sjølvsagt finst dei vanlege detaljane å pirke i, men heilskapen forbløffar oss. Det skal seiast.Imponerande er unge Louise Engeseth òg. Henne opplevde vi som engel i eit juleoratorium for nokre år sidan. No syng 16-åringen Mozart fullvakse og frydefullt. Siste del av konserten er reine dansen på slak line: Grieg sine suitar 1 og 2. Noko av det kjæraste og mest kjende vi har. Vidope, luftig, livsfarleg.

Eleganse

På nytt vert vi slegne av den gjennomarbeidde elegansen. Vi er trass alt på bygda. Lik det eller ikkje. Korkje Volda eller Ålesund er orkestrale sentrum i universet. Spele «Eddien» på ærefullt vis gjer ein likevel. Ekstranummer? Nydelege Nimrod frå Elgar sine berømte Enigma-variasjonar. Reine gåta at dei torer. Då spretter det ei tåre.Hjarteleg til lukke!

Denne saka var først på trykk på smp.no

Mangeårig dirigent, Nils Ose, hadde med seg to av borna i orkesteret laurdag, Heidrun og Stig Ove. Sistnemnde var innlånt frå Oslofilharmonien Foto: Svein Aam