Det er mykje stygt i sjøen, sa dei gamle. Men det er vakkert også. Sjå berre på nokre av fiskane som "Ramoen" fekk i trålen ved Grønland i haust.

Den Vartdal-registrerte fabrikktrålaren  fiska etter blåkveite, og trålen var ofte nede på 1.000 meters djupne. Der nede fekk dei og fiskar som er så sjeldne at dei ikkje har norske namn. Kanskje kan ein av dei kallast Ramoen-fisk?

Fotograf og fiskar

Fotografen er fiskaren John Haftor Haftorsen.

Møre-Nytt har bede Havforskningsinstituttet om hjelp til å identifisere fiskane.

- Det er djuphavsartar, noko vi sjeldant ser i norske farvatn (bortsett frå håkjerring), medan det er litt meir vanleg ved Grønland, skriv forskar Rupert Wienerroither i ein e-post.

Spesielle

Det er ingen enkel jobb å fastslå namnet på fiskane ut frå nokre få bilete ,men forskaren har gjort det han kalla "an educated guess", altså ei kvalifisert gjetting.

- Det hadde vore ein fordel å ha eit bilde av heile fisken, då ville det gått an å seie kva for art det var. Likevel er eg rimeleg sikker på at alle desse artane er godt kjende frå Grønland, så det er ikkje noko nytt her, men fiskane er spesielle, og det er spennende og fint å sjå på, seier forskaren.

I tillegg til rare fiskar med latinske namn, kom det ei håkjerring på dekk. Denne mytiske haiarten er ein ganske vanleg bifangst ved Grønland.