Like før klokka sju onsdag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen ved Rot på E39. Ein person var involvert i utforkøyringa.

Ambulanse, brannvernet frå Vartdal og politi rykka ut til staden.

Ifølgje politiet stod bilføraren fram som uskadd, men nekta å la seg undersøke på traumemottak. Det er mistanke om ruskøyring, og bilføraren vart teken med for å avlegge blodprøve. Førarkortet er og inndrege.

110-sentralen opplyser at det kan vere glatt på staden.