Dei ivrigaste skiløparane kosa seg med masse nysnø på Bondalseidet søndag. Skodde og snøbyger la ein liten dempar på idyllen, men innimellom skein det av.

– Det var verdt det, seier Inge og Henning Nybø, som gjekk på Nottane.

Målet var Verahaldet, men lenger var det ikkje råd å kome på grunn av dårleg sikt.

Langrenn

Nede på Bondalseidet var det mange langrennsløparar og barnefamiliar som nytta sjansen til å boltre seg i november-snøen.

– Dette blir bra. Helst vil eg køyre alpint i bakken, men i dag vert det langrenn, sa Marte Øie før ho la av garde saman med dottera Hedda.(3)

Jannicke og Ivar Driveklepp testa langrennsløypa, og hadde seg med Ben Shumway, som er utveklsingsstudent frå Pennsylvania, USA.

– Dette er min første tur på ski i Norge. Eg går av og til på ski i USA også,men kanskje berre ein gong i året fortel Ben Shumway.

I traseen på skisenteret var trakkemaskinen i full aktivitet.

– Det nærmar seg opning, står det på heimesidene til Ørsta skisenter.