"Ta turen opp frå slaps og regn. Fine forhold for langrenn og det nærmar seg for alpint. 15 våte cm med nysnø i natt ved barnetrekket", står det på Ørsta skisenter sine heimesider.

Her kan vi og lese at det er 120 centimeter snø på øvre heisestasjon på Eitrefjell. Men skitrekket vert ikkje opna søndag.

– Vi trakkar i hovudtraseen, men det er våt snø i nedste delen så vi kan ikkje opne førebels. Det er meldt kaldare ver til veka og då kan det verte betre forhold i bakken, seier Frank Velle, dagleg leiar ved Ørsta skisenter.

Kulde i vente

Med minusgrader vert det produksjon av kunstsnø.

– Vi kryssar fingrane for at vi kan opne ut i neste veke, seier Frank Velle.

Inn til vidare lokkar Bondalseidet med fint trakka langrennsløyper.

– Eg gjekk ein runde sjølv, og det er flotte forhold, seier Frank Velle.