smp-no. Mange sperra opp augene då dei såg skadane på bilen som var innblanda i ei ulykke i Ørsta måndag. Bilen var delt i to i den voldsomme kollisjonen med ein møtende bil på E39 ved Barstadvika.

Berre framdelen av bilen med motor, framsete og delar av taket sto igjen i vegbanen. Fleire meter oppe i terrenget låg bakparten av bilen, fullstendig maltraktert og med taket revet av. Sjåføren slapp utroleg nok frå ulykka med lettare skader, opplyste sjukehuset måndag.

Uvanlig med nyare bilar

Bjørn Wiik som leiar ulykkesanalysegruppa til Statens vegvesen i Region Midt seier at dette på langt nær er noko vanleg syn.

– Eg har ikkje sett slike skader på nyare bilar som er utstyrt med sikkerheitskarosseri, fortel han:

– Men vi har sett dette skje med eldre bilar, legg han til.

Ulykkesbilen var ein sølvgrå 2015-modell Volkswagen Passat. Dei fleste bilar som er laga etter 2000-talet har karosseri der det er brukt såkalla høgfast stål. Særleg i samanføyninger vert det brukt slike legeringar som er fleire gonger sterkare enn tradisjonelt stål.

Wiik og kollegene vert tilkalla av politiet for å etterforske ulykker der personar har blitt alvorlig skadde. Ettersom begge dei to sjåførene slapp med lettare skader, er gruppa ikkje kopla inn i denne saka. Wiik kan derfor ikkje seie noko konkret om kvifor ei slik skade oppstår.

– Det kjem an på treffpunkt og fleire andre forhold. Eg kan berre gå ut frå at det skjer fordi ein treff eit spesielt forkjært punkt, seier han.

Blir ikkje undersøkt

Ekspertgruppa til Vegvesenet skal i første rekke undersøke årsaksforhold ved ulykker – og eventuelle andre forhold politiet ber spesielt om å få belyst.

– Kan det vere interessant å undersøke bilen på bakgrunn av skadane?

– Ja, for så vidt, men bilprodusentane har også sine eigne folk som ser på slike skader. Dei er naturleg nok interesserte i å finne ut korleis produkta deira fungerer, og eg veit at dei ofte er involvert når det skjer ulykker med «deira» biler, fortel Wiik.

Kommunikasjonssjef Anita Svanes i Volkswagen Norge var tysdag i kontakt med teknisk sjef hos bilprodusenten.

– I dette tilfellet er det ingen etatar som har bede om videre undersøkingar, så da forholeld vi oss til det. Om ein etat ønskjer vurdering frå fabrikk, så sørger vi for det, fortel ho.

Har tatt førarkortet

Politiet hadde tysdag ikkje klarlagt hendingsforløpet fullstendig, men dei har avhørt sjåføren – ein mann i 30-åra – som sat bak rattet i den sølvgrå Passaten. Politiet har også snakka med eit vitne.

Politiadvokat Guri Falck Kristensen er jourhavende hos politiet på Sunnmøre, og opplyser at politiet foreløpig har tatt beslag i førarkortet til mannen.

Ho påpeikar at saka er under etterforskning, men politiet meiner ulykkesbilen køyrde med sommardekk. Det var slaps og stadvis glatt føre på strekninga.

Det er på det reine at bilane køyrde i kvar sin retning og så langt tyder etterforskninga på at den sølvgrå Passaten har fått sleng på bakparten av bilen ved utgangen av ein sving. Deretter har den truffe den motgåande bilen i fronten. Også den andre bilen var ein Volkswagen Passat, og ble kjørt av en kvinne i 30-åra. Denne bilen har fått frontpartiet fullstendig knust.

– Kom krypande ut

Yrkessjåfør Per Arne Knardal var blant dei første som kom til ulykkesstaden. Han fortalde til VG måndag at han umiddelbart trudde det var ei ulykke med alvorlige skadar.

– Eg trudde eg kom til ei dødsulykke, men så kom føraren av den delte bilen krypande ut, fortalte han til avisa.

Mannen blødde fra eit kutt i pannen, men såg ellers fysisk uskadd ut, ifølgje Knardal.

Denne saka er først publisert på smp.no