Enklare parkering på flyplassen

Bommane skal vekk ved parkeringsanlegget på flyplassen i Hovdebygda.

Ørsta-Volda lufthamn  Foto: Arkivfoto

New Articles

Som eit resultat av nye parkeringsføreskrifter vil Europark i slutten av denne veka ta over administrasjon av all parkering ved Ørsta-Volda lufthamn.

–Dette medfører at dagens bomsystem vert erstatta med automatisk skiltgjenkjenning ved inn og utkøyring av parkeringsplassen ved lufthamna, opplyser lufthamnsjef Sverre Bae.

Bilistene kan velje å betale parkeringsavgifta på betalingsautomat i ankomsthallen, via nettside eller motta ein faktura, alt via Europark. Det vil framleis vere gratis å parkere i ti minutt ved terminalen. Liknande ordningar er alt tatt i bruk ved fleire andre flyplassar.

–Ordninga gjer at det no ikkje vi vere kø for å kome inn eller ut av lufthamna, seier Sverre Bae