Beslaget frå Bjørke er funne, men det er skadd. 
            (Foto: Bergen Universitetsmuseum.)

Beslaget frå Bjørke er funne, men det er skadd. Foto: Bergen Universitetsmuseum.

Bjørkeskatten berga, men skadd

Det verdifulle vikingbeslaget frå Bjørke har dukka opp att.

Bergen Universitetsmuseum har offentleggjort bilete av nokre få av dei stolne gjenstandane som er funne, etter at tjuveriet vart oppklara. Eit mykje omtalt anglosaksisk beslag  frå eit funn på Bjørke er mellom dei returnerte gjenstandane.


Lokalhistorikar fortvilar

Uvurderleg Bjørke-skatt stole

Eit unikt bronsebeslag frå eit funn på Bjørke er mellom gjenstandane som er stolne frå Bergen Universitet. – Beslaget er eit av dei viktigaste vikingfunna på Vestlandet, seier lokalhistorikar Lars Ørstavik.

 

–Beslaget frå Bjørke i Ørsta er tilbake med mindre skader og eit stykke manglar. Vi håper at også stykket kjem til rette, skriv Bergen Universitetsmuseum på sine Facebook-sider.

Biletet viser at eine hjørnet på beslag er vekke. Fleire gjenstandar både frå Bjørke og andre delar av Ørsta var mellom tinga som vart stole i august. Museet vil førebels ikkje seie for mykje om  kva som har kome tilbake.


Vikingskatt-tjuveriet

Endå fleire vikingsaker frå Ørsta vekke

Det er endå fleire vikingsaker frå Ørsta som er vekke frå Universitetsmuseet i Bergen

 

–Vi har stor etterspurnad etter fleire bilete og meir informasjon, men av omsyn til etterforskninga vil vi ikkje gå ut med fleire, konkrete opplysningar no.  Vi må vente til politiet har gitt klarsignal. Dessutan har vi heller ikkje  fullstendig oversikt enno, opplyser Instituttleiar for avdeling for kulturhistorie, Asbjørn Engevik.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Før: Beslaget frå på Bjørke - før tjuveriet.
            (Foto: Bergen Universitetsmuseum)

Før: Beslaget frå på Bjørke - før tjuveriet.Foto: Bergen Universitetsmuseum

Dette vert lest no:

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Sjå bildeserie:

Storkonsert for fullsett sal

78 elevar frå Ørsta kulturskule viste fram talenta sine på scena onsdag.

Slutt for Amine

Har meldt oppbod.

– Det er eit nytt stort steg for oss

Budsjettforlik med ny satsing på nynorsk.

Vil gjere Ørsta til eit meir demensvennleg samfunn

Alle slag sørvisverksemder kan no få opplæring i korleis dei skal gå fram overfor demente kundar og brukarar. I Ørsta har dei fyrste verksemdene no hatt kurs.

Frå kritisk til betre ved Velle skule

– Vi hadde ein situasjon ved Velle skule som var kritisk ille. No er det betre, seier assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

– Sett pris på – reint bokstaveleg

– Å vinne Brageprisen igjen – det kjennest - heilt bokstaveleg – å verte sett pris på!

Nær tusen hos Ørsta Skisenter

– Det vart den beste opningsdagen vi nokon gong har hatt. Og det viser behovet for eit godt fungerande skisenter.