Bergen Universitetsmuseum har offentleggjort bilete av nokre få av dei stolne gjenstandane som er funne, etter at tjuveriet vart oppklara. Eit mykje omtalt anglosaksisk beslag  frå eit funn på Bjørke er mellom dei returnerte gjenstandane.

–Beslaget frå Bjørke i Ørsta er tilbake med mindre skader og eit stykke manglar. Vi håper at også stykket kjem til rette, skriv Bergen Universitetsmuseum på sine Facebook-sider.

Biletet viser at eine hjørnet på beslag er vekke. Fleire gjenstandar både frå Bjørke og andre delar av Ørsta var mellom tinga som vart stole i august. Museet vil førebels ikkje seie for mykje om  kva som har kome tilbake.

–Vi har stor etterspurnad etter fleire bilete og meir informasjon, men av omsyn til etterforskninga vil vi ikkje gå ut med fleire, konkrete opplysningar no.  Vi må vente til politiet har gitt klarsignal. Dessutan har vi heller ikkje  fullstendig oversikt enno, opplyser Instituttleiar for avdeling for kulturhistorie, Asbjørn Engevik.

Før: Beslaget frå på Bjørke - før tjuveriet. Foto: Bergen Universitetsmuseum