Dette skriv nettstaden nett.no.

Den tradisjonsrike Volda-bedrifta opplever prispress og låge marginar. Store kundar vert sjølvforsynte,  i tillegg aukar importen.

Selskapet kjøper slakt frå Nortura og lever biffar, filetar og andre stykka produkt til restaurantar, varehus, storhushaldningar og hotell over heile landet. I tillegg lagar dei spekemat - mellom anna pinnekjøt, fenalår og môrpølse, i tillegg til  ferske pølsevarer og farseprodukt.

Môrpølsa og andre ferske pølse- og farseprodukt blir først og fremst selde til butikkar, gatekjøkken og bensinstasjonar på Nordvestlandet.

Mindre leveransar

Ifølgje nett.no var Nordfjord Kjøtt i mange år selskapet sin største kunde, men er blitt gradvis meir sjølvforsynt. Styret i Johs. Jacobsen skriv i årsmeldinga for 2016 at samarbeidet held fram også i 2017, men med uviss mengde.

Også Finsbråten as var inntil 2015 ein betydeleg kunde, men endringar i produksjonsrutiner har ført til redusert behov for storfe også der. Men samarbeidet held fram, og det er venta noko auka sal med kunden i 2017.

Johs Jacobsen har klart å knytte til seg og utvikle nye kundar, men dette vert ikkje fullt ut kompensert for redusert omsetning til etablerte kunder.

Blant anna fekk Johs Jacobsen tilbake Big Horn Steakhouse på Aker Brygge som kunde. Styret skriv også i årsmeldinga at det i fjor også har vore eit styrka samarbeid med ein større aktør i bransjen.

Prispress Dei siste par åra har selskapet gått med mindre underskot, men i fjor auka underskotet før skatt frå rundt 500.000 kroner til 1,1 millionar kroner.

- Den største utfordringa for bedrifta er stort prispress som fører til låge marginar. Ved inngangen til 2017 er det gjort betydelege grep for å tilpasse kostnader etter drifta, skriv Johs og Stig Jacobsen i årsmeldinga, ifølgje nett.no.

Johs. Jacobsen Kjøtt nyttar kun norske råvarer.

Aukande importOgså nye direktiv og krav frå offentlege myndigheiter opplever dei er ei kontinuerlig utfordring.

- Låg dekningsgrad frå det norske landbruket har ført til stadig aukande import av storfe, både heilslakt og stykningsdelar frå blant anna Tyskland, Danmark og Litauen. Dette har ført til ein ubalanse i marknaden for stykningsdelar, biff, og filetar frå storfe, skriv styret.

Det er også knytt spenning til framtidige tollsatsar og import frå MUL-land (minst utvikla land).

- Billegare tollsatsar har gitt auka import frå desse landa, som igjen har ført til yttarlegare prispress og store fryselager på enkelte stykningsdelar og sorteringar her heime, skriv dei vidare.

Johs. Jacobsen Kjøtt blei etablert i Volda 1964 og hadde i fjor 11 tilsette.