- Vi har vel hundre roder, og dekkjer no heile kommunen. Godt over 200 personar er ute med bøsser, fortel aksjonsleiar i Ørsta, Karen Høydal.

Klokka 14 søndag var aksjonen i gang, og då var det stor trafikk på rådhuset i samband med organiseringa av innsamlinga. Pengane frå aksjonen skal gå til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn i nokre av verdas mest konfliktfylte område.

Kring åtti elevar frå Møre Folkehøgskule går med bøsser, noko som har vorte ein tradisjon.

- Vi er svært takksame for den innsatsen folkehøgskule-elevane legg ned, seier Karen Høydal. Ho rosar også alle andre som tek del, både små og store - og sjåføraane som køyrer folk til alle kantar av kommunen.

Lærar Birte Einan på folkehøgskulen gjer det klart at elevane er motiverte til å gå roder.

- Elevane føler slett ikkje noko ork over å gå med bøsser, tvert imot, fortel Einan.

Då elevrådsformannen kom inn med bøssa si, takka aksjonskomiteen han for innsatsen.

- Takk for moglegheita! Svara eleven takksam.

Skuleløp

Allereie før innsamlinga starta, hadde Ørsta kommune kome godt i gang: Skuleløp på skulane Velle, Vikemarka, Dalane, Sæbø og Ørsta ungdomsskule har så langt resultert i 45.000 kroner. Men det er framleis moglegheit å vippse meir. Dette gjer ein gjennom å laste ned ein app. Gjennom ringeaksjonen frå formannskapet vart det på førehand samla inn 54.000 kroner til aksjonen. Talet er litt lågare enn i fjor.

- Likevel set vi sjølvsagt stor pris på kvar einaste krone, seier Høydal.

Ho oppmodar ørstingar som allereie ikkje har gitt pengar til TV-aksjonen, om å vippse pengar heilt fram til klokka 18 i kveld. Innan då vert tala registrert på Ørsta kommune. Etter dette vert vipps-pengane registrert sentralt.

- Vipps til 2133, oppmodar aksjonskomiteen i Ørsta.