Av NPK-NTB–Mette Estep

Hittil i år er det er registrert 23 tilfelle av harepest hos menneske i Noreg, og det er venta at talet vil stige. Mykje lemen og mus aukar smittefaren.

Veterinærinstituttet har kome med varsku om at det i oktober er registrert harepest, tularemi, hos døde harar i Agder, nordre del av Buskerud og Indre Sogn. I tillegg er det komme inn døde harar i det siste frå to nye kommunar, men desse prøvene er ikkje ferdig analyserte enno. Sjukdommen kan smitte til menneske og Folkehelseinstituttet (FHI) følgjer situasjonen kontinuerleg i samarbeid med Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

– Haredød er eit varsellys om at smitten finst og at menneske må vere ekstra merksame, særleg ved handtering av døde dyr i naturen og drikkevatn. Det er også viktig at kommunelegane varslast om at menneske kan komme inn med symptom på harepest, slik at dei får riktig behandling, seier veterinær og viltpatolog Turid Vikøren ved Veterinærinstituttet til NTB.

For menneske inneber den europeiske varianten av harepest sjeldan død, men har ubehagelege symptom, som akutt feber, frysningar, hovudverk og trøyttleik. Nå i influensatida er det likevel ikkje harepest som står øvst på lista når folk kjem inn med desse symptoma, så derfor blir kommunelegane i dei aktuelle områda opplyst om smitterisikoen, slik at berørte får rett diagnose og behandling.

Venter fleire

Pesten har fått sitt namn fordi den er mest dødeleg for harar. Vanlegvis er mellom 30 og 50 tilfelle av tularemi hos menneske i Noreg rapportert årleg.

– Så langt er det meldt 23 tilfelle i 2017, av dei 12 personar vart smitta i Norge og 11 har ukjent smittestad. Det er på linje med tidlegare år. Det er ikkje uventa om det blir fleire tilfelle rapportert i 2017. Vi ser vanlegvis flest tilfelle i haustperioden, seier seniorrådgjevar Emily MacDonald Avdeling for smitte frå mat, vatn og dyr ved FHI.

Ut frå dataa som er tilgjengeleg no, er dei smitta personane busett i ulike fylke, og det er førebels ingen fylke med uvanleg auke i harepest hos menneske. Flest tilfelle så langt er rapportert i er Hedmark, med seks tilfelle, Oslo, med fem og Oppland, der fire personar har smitten.

Smågnagarar

Dei vanlegaste smittevegane er kontakt med sjuke eller døde dyr, eller inntak av udesinfisert drikkevatn. Auka smittefare fell ofte saman med såkalla smågnagarår, når det er registrert fleire lemen og mus i naturen. Førre toppår for smitte til menneske var i 2011, med rundt 180 tilfelle. Då hadde det også vore ekstremt mykje lemen.

– Spreiingsfare er sjølvsagt avhengig av at dyr sjølv er smitteberarar, men det er auka risiko når bestanden av smågnagarar er stor, og det er den fleire stader i Sør-Noreg i år, seier forskingssjef Erik Framstad hos NINA (Norsk institutt for naturforsking).

– Tidlegare i år har vi registrert mykje lemen og mus i delar av Hedmark. Det er også observert mykje meir lemen enn vanleg i Jotunheimen og ein moderat topp på delar av Hardangervidda og rundt Finse, seier Framstad.

NINA har faste punkt i landet med feller der dei tel smågnagarar kvart år, og resultata frå dei har no begynt å kome inn.

– Det er blant anna mykje smågnagarar på Sør- og Sørvestlandet, frå Rogaland over til Telemark, seier Framstad.

Fakta om tularemi (harepest):

* Infeksjonssjukdom, bakteriesjukdom, som primært blir funne hos viltlevande dyr.

* Særleg dødeleg for harar, derav namnet, og smågnagarar, men kan bli overført til menneske.

* For menneske er den europeiske varianten av tularemi ikkje rekna å vere dødeleg, i motsetning til den amerikanske, der døyinga ubehandla kan vere opp til 20 prosent.

* Symptom hos menneske er akutt feber, frysningar, hovudverk og trøyttleik. Smitta harar beveger seg tregt og bør ikkje bli slaktebehandla.

* Bakterien er Francisella tularensis, som er svært smittsam og kan overleve lenge i vatn og gjørme.

* Smittar ofte via drikkevatn, for eksempel om døde mus eller lemen infiserer brønnar, bekker og andre vasskjelder.

* Blir også overført også gjennom direkte kontakt med sjuke eller døde dyr, gjennom konsum av smitta kjøtt, via mygg og flått og gjennom innanding av støv med bakteriar i støv.

* Hunder og kattar blir i lita grad råka av tularemi, men dei kan overføre smitte til menneske via slikking dersom dei nettopp har bite på eit sjukt eller dødt dyr.

* I Noreg blir tularemi ofte diagnostisert hos hare, og dei fleste tilfella kjem på ettersommaren og om hausten.