Av NPK-NTB

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner det er ein utopi at traktorar bør fraktast på lastebilar, som Vegvesenet har tatt til orde for.NYHENDE

Dale går hardt ut mot Statens vegvesens oppfordring torsdag til bøndene om å la traktorar stå eller frakte dei på lastebilar.

– Det er ei meiningslaus utsegn. Ein utopi. Det er ikkje aktuelt å tvinge nyttetransport som traktorar over på lastebilplan, seier landbruksminister Jon Georg Dale til Nationen.

Vigdis Lobenz, leiar for plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, har tidlegare anbefalt bøndene i fylket å la traktorane stå eller frakte dei på lastebilar. Det var avisa Firda som først omtalte saka.

– Eg veit om veldig få bønder som synest det er artig å vere på vegane med traktoren. Dei har ein jobb å gjere i norsk matproduksjon, og vegmyndigheitene må legge til rette for dette, seier Dale.

Bøndene i Sogn og Fjordane Bondelag krev fleire avkøyringslommer for å unngå køar og ulykker.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen Guro Ranes meiner bønder og bilistar må tole køar.

– Eg kan godt forstå at bøndene vil ha fleire avkøyrsler, men det er stor risiko knytt til å køyre av og på vegen. Dei som køyrer traktor, opplever at dei er til hinder i vegen, men det er betre med kø enn å risikere ei ulykke, seier Ranes.