smp.no Dette sa ordførar Stein Aam (Sp) til Sunnmørsposten torsdag i middagstider. Ein spesialmaskin starta oppe på nedste austre rafta – av det smått legendariske klubbhuset – og gnog seg systematisk gjennom knusktørt bygningsvirke. Ordføraren forlèt kommunestyremøtet for eit kort, siste farvel med klubbhuset. Stein Aam (67) er nemleg ikkje berre eks-vaktmeister, ordførar og gardbrukar. For både ørstingar og fotballinteresserte elles på Sunnmøre er det først og fremst det han vil vere kjend for og hugsa som: Fotballspelar. 600 seriekampar går ikkje upåakta forbi. 400 kampar og nest flest for Ørsta gjennom tidene, dertil 200 som spelande trenar for Åmdal og Sæbø. Seinare som organisator i styre og stell. Ikkje rart det er vemodig å sjå ein monstermaskin truske under seg hjartet i klubben.

Sykla til trening her

– Ja, faktisk veldig vemodig også, akkurat her eg no står. Men på den andre sida – gleda over at klubbhuset vert erstatta av ein splitter ny fleirbrukshall er jo langt større enn vemodet, insisterer Stein Aam og strammar seg opp. Som tolvåring vart den vesle lysluggen på Vatne fremst i Åmdalen oppdaga for viljen sin til – og talentet sitt for fotball. Ørstalaget hadde årvakne speidarar.

– Her fanst jo ikkje aldersbestemt fotball ute i småbygdene då. Far min, som sette arbeidsplikta på bruket særs høgt, sette moglegheita mi til fotball endå litt høgare: Eg fekk lov til å sykle ned til Vik (Ørstavik) to gonger i veka for å trene med dei beste i kommunen.

– Eg trur eg arbeidde ekstra hardt elles, for å syne far takksemd for den sjefsavgjerda. Ja, slik var det då, smiler Aam. 600 kampar seinare kan han også sjå med vemod og glede tilbake til å det å bade i den alltid iskalde elva Rossåa bak stadion, som alternativ dusj før han sykla heim til Vatne.

Klubbhus og tidleg storhall

– Akkurat her og no ryk både dusjanlegget i underetasjen, garderobane som mange av oss har gira oss opp – og ned i, og heile sulamitten, konstaterer Aam, alltid med fotballørsta i sitt hjarte. Han nemner også Idrettshallen, knytt til ungdomsskulen litt lenger bak her.

– Han vart umiddelbart historisk då han kom i bruk i 1968. Sjølv ikkje ute i byen hadde dei så flott hall, og laga derifrå kom innover for å trene. Snart får vi endå ein topp hall, jublar Aam.

Denne saka er først publisert på smp.no