Årets 10 gode gjerningar spreidde mykje glede i Krafttaket 2017. Torsdag kunne Tussa stolt dele ut 100.000 kroner til dei 10 deltakarane i Krafttaket 2017, der målet er å gjere seg fortent til nokre kroner ved å gjennomføre gode gjerningar.

Førsteplassen, med flest stemmer, gjekk til Vartdal skitrekk, som dermed sikra seg 24.524 kroner frå potten. Dugnadsgjengen i skitrekket har jobba hardt med å forlenge langrennsløypa på Vartdal. Med traktor, lastebil, motorsag og beitesaks har dei med stor iver og pågangsmot brukt fleire ettermiddagar og kveldar på å rydde den nye løypa, melder Tussa.

Vanylven Røde Kors Hjelpekors fekk andreplassen som sikra dei 17.865 kroner.

Tredjeplassen gjekk til Gjerdsvika IL med ein premie på 13.427 kroner.

4. plass: Barnekoret Fram frå Fiskå - 10.783 kroner.

5. plass: Ulstein ungdomsskule (niande trinn) - 10.619 kroner.

6. plass: Hødd Handball - 7.484 kroner.

7. plass: Ulstein Tensing KFUK-KFUM - 7.267 kroner.

8. plass: Austefjord IL - 2.854 kroner.

Trimgruppa i Austefjord IL har rydda råsa til Langvassetra i Austefjorden. To kveldar har den ivrige dugnadsgjengen brukt på å rydde råsa som ikkje alle plassar var like god å finne.

9. plass: Volda Innebandy - 2.703 kroner.

Volda innebandy si gode gjerning, prosjekt Super-innebandy, gir personar med spesielle behov moglegheita til å vere med å spele innebandy.

10. plass: Hareid og Ulstein Dykkerklubb - 2.474 kroner.