Av NPK-NTB

Det er også ein auke i talet på dyreeigarar som har fått lovbrotsgebyr eller forbod mot å ha dyr.

Torunn Knævelsrud, leiar for dyrevelferdsseksjonen i Mattilsynet understrekar at eit regelbrot ikkje alltid betyr at dyra er påført liding.

– Tala omfattar både små og store regelbrot, seier ho.

Frå mai til august gjennomførte Mattilsynet tilsyn i 2.556 dyrehald, og i 45 prosent av dyrehalda blei det funne brot på regelverket.

Svin

– Det er særleg i dyrehald med svin, men også sau og storfe, at Mattilsynet har sett i verk tiltak for å få dyreeigarane til å rette opp forholda, seier Knævelsrud.

Mattilsynet registrerte i perioden mai til august alvorleg vanskjøtsel av dyr i tolv dyrehald. I heile 2016 blei det registrert vanskjøtsel i 42 dyrehald.

– Sjølv om kvart tilfelle er eitt for mykje, meiner vi talet er lågt sett opp mot det totale talet på dyrehald, seier Torunn Knævelsrud.