I morgon, måndag, melder Yr om tjue varmegrader. Også dei andre vekedagane er det meldt om sol og høge temperaturar.

Også neste helg kan det vere grunn til å gle seg for dei som framleis tviheld på sommaren. Og meteorologane ser også ut til å meine at vi slepp unna nattefrosten.

Så då er det berre å leite fram att solkremen og grillkola.