Av Per Straume

Haugen fekk prisen under opninga av Forskingsdagane 2017 i biblioteket ved høgskulen fredag. Styret ved Høgskulen i Volda (HVO) har sidan 2006 delt ut FoU-prisen for å heidre framifrå forskings- og utviklingsarbeid, og det var dei som peikte ut Haugen, som er professor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL).

Haugen vart med ein fersk doktorgrad tilsett som førsteamanuensis i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda 1.8.2013. Knapt meir enn to år seinare fekk han opprykk til professor, og vart med det høgskulen sin desidert yngste professor, berre 35 år gammal.

– I grunngjevinga til den sakkunnige komitéen blei det lagt vekt på den omfattande vitskaplege publiseringa som prisvinnaren allereie då hadde utført. Både i nasjonale og internasjonale tidsskrift på høgt nivå. I dei to åra som har gått etter at han fekk professoropprykket, har prisvinnaren halde fram med ein omfattande vitskapleg produksjon, og han er tvillaust mellom dei mest produktive forskarane på HVO, sa rektor ved HVO, Johann Roppen, under sin helsingstale før han overrekte Haugen diplomet som det synlege beviset på prisen.

Haugen har publisert i ei rekke nasjonale og internasjonale tidsskrift på høgt nivå dei siste åra. Roppen la i sin tale også vekt på alt det andre den unge professoren får til i ei full undervisningsstilling, utan vikarstipend eller frikjøp.

– I tillegg til denne omfattande og breie vitskaplege produksjonen, har prisvinnaren gjort ein stor innsats for å stimulere og rettleie kollegaer i deira forskingsarbeid. Mellom anna starta han allereie som nytilsett førsteamanuensis ei forskingsgruppe for grammatikk ved det dåverande Ivar Aasen-instituttet som har bore frukter i form av vitskaplege publiseringar også for andre forskarar ved instituttet.

Dessutan har han vore ein leiande aktør når det gjeld samarbeidet med Universitetet i Bergen om forvaltninga av Språksamlingane, og vidare tilrettelegging for forsking med desse som grunnlag, noko som er ei strategisk viktig satsing for AHL og HVO. Han har også vore prosjektkoordinator for arbeidet med brukarrettleiinga for Norsk Ordbok, sa Roppen framfor mange frammøtte i biblioteket.

AUDMJUK

Prisvinnaren fortalde i sin takketale at forskinga har vore ein stor del av livet hans etter at han byrja på doktorgraden sin.

– Forsking, og kanskje særleg humanistisk forsking, har jo den eigenskapen at vi gjerne sit igjen med fleire spørsmål enn vi hadde då vi begynte. Ny, kvalitetssikra kunnskap skapar alltid nye perspektiv. Vegen er dermed på mange måtar målet, og målet kjem vi aldri til å nå. Vi kjem aldri til å vite alt, men vi kan heilt klart bli klokare på vegen. Om ikkje anna blir vi alle fall meir og meir klar over kor lite vi veit, noko som kan gjera oss litt meir audmjuke. Audmjukheit er heilt klart ikkje den mest framståande verdien i samfunnet vårt i dag, og forsking kan og bør bidra til kunnskap og perspektiv som kan gjera oss meir audmjuke. Det er i alle fall med audmjukheit at eg tek imot denne prisen.

GRAMMATIKK OG FAKE NEWS

Haugen nemnte noko humoristisk at språkvitskap og grammatikk, som er hans fagfelt, ikkje er det som vert hardast råka av fake news, og at fagfeltet hans kanskje ikke er det mest sexy.

– Eg vil seia at det er mange som har ei fake oppfatning av grammatikk. Det er nemleg ikkje bøyingsmønster og setningslære som er grammatikkens vesen. Grammatikken er vår teori om verda rundt oss. Saman med ordforrådet vårt viser han oss korleis vi deler inn verda rundt oss i meir eller mindre presise kategoriar, i kategoriar som kan vera ulike frå språk til språk, og til og med frå person til person. Dessverre kan grammatikken også brukast til å konstruere falske nyheiter. Men viss vi forstår betre korleis språklege bodskap blir skapt, kan vi forhåpentleg også bli betre til å avsløre dei bodskapa som er falske og som er konstruerte for å overtyde oss om noko som er usant. Kanskje er ikkje koplinga mellom fake news og grammatikk så søkt likevel, meinte Haugen.

GODE FORSKINGSVILKÅR

Han er opptatt av akademiske verdiar, og spesielt den store fridomen den enkelte forskaren tradisjonelt sett har hatt innan humanistisk forsking.

– Ved Høgskulen i Volda er det framleis rom for den enkelte forskaren til å velja sine eigne problemstillingar. Dette rommet må vi ta vare på. Vi skal vera flinke til å formidle forskingsbasert kunnskap, men vi må heller ikkje gløyme at forsking er det nødvendige grunnlaget for at vi skal ha noko å formidle. Så hald fram å satse på fri og uavhengig forsking, sa Haugen før han avslutta med stor takk:

– Eg vil takke Høgskulen i Volda for gode forskingsvilkår. Takk til dei som foreslo og som bestemte at denne gjeve prisen skulle gå til meg, og takk til den flotte gjengen på Institutt for språk og litteratur. Eit betre arbeidsmiljø trur eg ein skal leite lenge etter i den akademiske verda.

Professor Geir Petter Hjorthol (t.v.) og førsteamanuensis Erik Fooladi hadde komponert musikk spesielt for prisvinnaren som dei framførte under markeringa. Foto: Johann Roppen