- Volda kommune såg seg nøydde til å trekkje seg ut frå eit felles verbaldokument, som skulle liggje føre som faktagrunnlag før møtet.

Dette har ført med seg nokre uheldige misforståingar, og i det høvet inviterte Volda kommune Bjørke grendelag til eit møte fredag føremiddag, skriv kommunen i ei pressemelding.

Deltek på folkemøtet

- Dette var eit produktivt møte, der vi fekk avklart ein del ting, seier leiar Svein Homberset Skjåstad og nestleiar Martin Saure Bogen i Bjørke grendelag.

Ei felles oppfatning var at det har vore litt misforståingar begge vegar, og at det var godt å få klara opp i dette før folkemøtet komande onsdag.

- Det var godt å få prata ut om dette, samtykker assisterande rådmann Asbjørn Moltudal, som saman med rådmann Rune Sjurgard var med på møtet.

Moltudal legg også til at Volda kommune sjølvsagt kjem til å delta på folkemøtet på Bjørke for å bidra med dei fakta som kommunen kan leggje fram.

Avrøysting

Det ønskelege resultatet med folkemøtet er å gi innbyggjarane på Bjørke så god informasjon som mogleg om ei eventuell grensejustering. I etterkant av møtet vil det bli ei folkeavrøysting der innbyggjarane tek stilling til om grendelaget skal sende inn ein søknad om utgreiing om grensejustering.

Dersom det viser seg at fleirtalet på Bjørke ønskjer dette, vil også grendelaget sende inn ein søknad på vegne av krinsen.

Dersom fleirtalet i krinsen ikkje ønske dette, er saka likevel ikkje lagt til side. Jamfør inndelingslova § 8 kan ei utgreiing om grensejustering «fremjast av innbyggjarar og grunneigarar i dei kommunane søknaden gjeld». Deretter vil Fylkesmannen gjere ei omfattande utgreiing, og tek stilling til om grensene skal justerast eller ikkje, heiter det i pressemeldinga frå Volda kommune.