Hallstein D. Mala frå Volda er ein av fire som får 100 000 kroner kvar frå Møre og Romsdal fylkeskommune i startstipend for å utvikle kreativ verksemd.

Hallstein D. Mala står bak selskapet Ranglefant Film AS. Selskapet lagar reklame og dokumentarfilm blant spisse tindar på Sunnmøre og har spesialisert seg på produksjon i krevande terreng, og i all slags vêr.

– Ranglefant Film arbeider også med å utvikle eit produksjonshus med arbeidsrom for etterbehandling av film og bilder, for å trekke til seg fleire kundar frå inn- og utland, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding

I august lyste Møre og Romsdal fylkeskommune ut inntil fire startstipend á 100 000 kroner til gründerar innafor kreativ næring som ønskjer å starte bedrift i fylket. Det er fjerde gong fylkeskommunen lyser ut dette stipendet, og det kom inn i alt 17 søknadar.

– Stipendmottakarane har alle spennande forretningsidear som fylkeskommunen ønskjer å støtte. Vi ønskjer å vektlegge kultur som næring og styrke moglegheitene for entreprenørskap i kulturell- og kreativ næring. Vi ser fram til å følgje med på desse verksemdene, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.