Volda kommune sin representant i generalforsamlinga til Tussa Kraft AS, ordførar Jørgen Amdam, vil røyste saman med kommunane på ytre Søre Sunnmøre for ei vedtektsendring i selskapet. Denne vedtektsendringa, vil seie at leiinga i Tussa og underleggjande entreprenørselskap skal liggje på Søre Sunnmøre, og ikkje i Ørsta, og det opnar for ei Mørenett-flytting til Dragsund.

5 mot 4

I formannskapet i Volda gjekk Ap, SV, V, H og Frp inn for dette, medan Sp og KrF ikkje ville gje ei støtte til dette.

Det vart ikkje røysta over saka i formannskapet i Volda tysdag, men ordførar hadde saka oppe som ei orientering, og bad om synspunkt frå alle medlemmene rundt bordet.

Ber om ei ny vurdering

Samstundes vil Volda kommune sende eit skriv til styret i Tussa Kraft AS, og be dei før den ekstraordinære generalforsamlinga vurdere alle moment i saka, også det som gjeld dei tilsette sitt syn. Dei tilsette ynskjer ikkje å flytte. 35 tilsette ber om at dette ikkje skjer, og mange av dei var til stades under formanskapsmøtet på Volda rådhus tysdag.

Amdam forklarte sin ståstad. Han vart kontakta av representantar frå Herøy i samband for nokre veker sidan.

- Dei hadde notert seg det eg sa på den ordinære generalforsamlinga i vår. Då røysta Volda for Ørsta sitt syn, om å vise til vedtektene der det heiter at leiinga skal vere i Ørsta. Samstundes presiserte eg at eg meinte saka ikkje var ferdig handsama, og at det var grunn til å ta henne igjen. Eg har forståing for ytre sitt syn, om at vert Mørenett i Ørsta, flyttar Tussa-24 etter, og bygningen i Dragsund vert lyst ut for sal. Då vert ikkje Tussa lenger representert der, sa Amdam.

Det formelle avgjorde

I runden rundt bordet vart det raskt klart at Gunnar Strøm (SV), Dan Bjørneset (H), Odd A. Folkestad (Frp) og Fride Sortevik (V) alle støtta ordføraren sitt syn. Dei la stor vekt på det formelle i saka.

- Vi som eit formannskap må lite på at dei gjeldande styra har vurdert denne saka grundig, og når både styret i Mørenett og styret i Tussa Kraft AS går inn for dette, må vi halde oss til det, sa Bjørneset. Blant desse var det ingen ynske om å overprøve styret sine vurderingar.

Ville utsetje

KrF ynskte helst å utsetje saka, og jamvel be styret i Tussa Kraft AS om å utsetje saka.

- Det er ikkje råd å få ttil, åtvara Amdam. Sp sine representantar antyda at dei ville instruere ordføraren til å leggje vekt på arbeidsplassane, og at ordføraren skulle røyste med Ørsta.

- Eg veit ikkje heilt korleis eg skal uttrykkje meg, men det verkar som om ytre har eit godt tak rundt våre edlare delar, sa Odd Harald Sundal.

Nekta å verte instruert

Ordførar Jørgen Amdam presiserte at dersom formannskapet skulle kome med eit signal om at Volda sin representant i generalforsamlinga skulle støtte Ørsta i denne saka, måtte dei sende ein annan enn han.

- For eg er overtydd om kva som er rett i denne saka, sa Amdam.