- Rådmannen vurderer formuleringane om korleis kommunetilsette og deira familiar kan reagere på Yngve Dale sine ytringar ved å eventuelt ikkje nytte hans butikk, som uheldige. Dette er ei urimeleg ytring, som kan oppfattast som eit ønske om at kommunetilsette skal agere kollektivt mot Dale si verksemd.

Det skriv rådmann Wenche Solheim til Møre-Nytt.

Saka gjeld einingsleiar Kåre Hjelle i Ørsta kommune og ein epost han har sendt Yngve Dale i samband med ei byggesak om ein støttemur - og etter at Dale har kommentert saka på Facebook. Hjelle reagerer på innhaldet i Dale sine Facebook-innlegg om byggesaka, innlegg som no er sletta.

Rådmannen fortel at ho har snakka med Hjelle om saka og skriv at einingsleiaren sin ordbruk ber preg av ein viss frustrasjon og at eposten ikkje skulle ha vore sendt til Dale.

Eposten frå Kåre Hjelle lydde slik:

«Sidan eg kjenner deg frå før er eg så fri å gi deg eit råd sjølv om det er uprofesjonelt av meg. Eg er ikkje på Facebook sjølv, men eg har lenge fått rapportar om at du er aktiv der. Eg har slett ikkje til hensikt å regulere din aktivitet, men gjer deg merksam på at Ørsta kommune har nesten 1000 tilsette med smått og stort som har sin familie og vennekrets, mange av desse på nettet. Eg er heilt sikker på at mange er einige med deg, men eg har og høyrt fleire som vert provosert over måten du omtalar deira arbeidsgjevar på. Dei viser til at dersom dei skal bruke pengar er det i området andre fullgode alternativ til din butikk", skriv Hjelle i eposten.

Privat

- Formuleringane i eposten og at det at ei privat melding vart sendt frå kommunen sin konto er ikkje i samsvar med vår kommunikasjons- og mediestrategi, og våre etiske retningslinjer, seier rådmannen.

På vegne av kommunen seier rådmannen seg lei for dei uheldige formuleringane i eposten.

- Saka vert følgt opp internt for å sikre god og tillitsskapande kommunikasjon mellom kommunen og innbyggjarane. Dette vil verte teke opp som ei personalsak, og kommunen sine reglement og rutinar vil verte gjennomgått i samband med dette. Som sagt er dette ein glipp av einingsleiaren og Ørsta kommune seier seg lei for dette, seier rådmannen.

Ho skriv at einingsleiaren opplever stort arbeidspress og krysspress i arbeidskvardagen.

- Rådmannen meiner ikkje at det rettferdiggjer ordlyden i eposten, men vil presisere at einingsleiaren er ein verdsett medarbeidar som har rådmannen sin tillit, skriv Wenche Solheim.