Ein plakat med "Kinoen er midlertidig  stengt. Grunna tekniske problem", møtte dei som kom til Kulturhuset i Ørsta måndag.

På facebooksidene står følgande melding: "Vi har fått trøbbel med prosjektoren, og får ikkje vist film på nokre dagar. Dette er vi utruleg lei oss for. Vi kjem med oppdateringar etterkvart som vi veit korleis det blir. I første omgang er det avlyst kino til og med onsdag."

Kulturhussjef Janne M.G. Skarstein fortel at siste film søndag vart avlyst grunna problema.

- No ventar vi berre på at ein teknikar skal sjå på saka, og så håper vi at vi er raskt i gang med framsyningane att.