Sølvi Myrene Innselset og sonen Kenneth Innselset røysta i Hovden krins.
            (Foto: Roy-Arne Folkestad)

Sølvi Myrene Innselset og sonen Kenneth Innselset røysta i Hovden krins.Foto: Roy-Arne Folkestad

Strøymer til røystelokala

Det ser ut til å verte god oppslutnad i Ørsta kring stortingsvalet.

- Vi har hatt jamn tilstrøyming av folk heile tida, fortel leiar for valstyret i Hovden valkrins, Gudny Fagerhol.

Også på Ørsta kulturhus, der stemmene frå Velle valkrins vert handsama, var det ein jamn straum av folk som ville røyste. Og då dørene opna klokka åtte måndag morgon, var det kø for å røyste.

- Det er viktig å røyste fordi dei som styrer landet skal gjere dei rette vala, seier Kenneth Innselseth.

Han kom saman med mora til vallokalet på Hovden skule.

I alt 1.909 personar har førehandsrøysta i Ørsta. Det er rekord.

Spenninga er no knytt til om det store talet på førehandsrøyster vil slå ut på røystetrafikken i ettermiddag og kveld, etter arbeidstid.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Sokneprestane svarar Hans Reite

- I våre auge forkludrar Reite den heilt grunnleggande kristne tanken om at menneska er skapte i Guds bilete, sjølvsagt heilt uavhengig av til dømes seksuell legning.

Black Friday

Økonomen Thomas sparte 11.500

- Men gå ikkje inn og dra kredittkortet blindt

Må kutte 300-450 millionar

Dramatisk situasjon for sjukehusa i fylket.

Hans Reite og homofili

Homo-aksjon mot Nytt Livs senter

- Dei skal ikkje buse fram slik, seier Hans Reite.

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Håper på gangveg til Vatne

– For ti år sidan byrja eg å sykle frå Vatne til Ørsta. På desse ti åra har trafikken auka mykje. No vert eg engsteleg av å sykle denne strekninga.