Det ser ut til å verte god oppslutnad i Ørsta kring stortingsvalet.

- Vi har hatt jamn tilstrøyming av folk heile tida, fortel leiar for valstyret i Hovden valkrins, Gudny Fagerhol.

Også på Ørsta kulturhus, der stemmene frå Velle valkrins vert handsama, var det ein jamn straum av folk som ville røyste. Og då dørene opna klokka åtte måndag morgon, var det kø for å røyste.

- Det er viktig å røyste fordi dei som styrer landet skal gjere dei rette vala, seier Kenneth Innselseth.

Han kom saman med mora til vallokalet på Hovden skule.

I alt 1.909 personar har førehandsrøysta i Ørsta. Det er rekord.

Spenninga er no knytt til om det store talet på førehandsrøyster vil slå ut på røystetrafikken i ettermiddag og kveld, etter arbeidstid.