Musikar og høgskuletilsett i Volda, Per Arne Brandal, har laga Polarstarvalsen han skal framføre i samband med storhendinga på Ishavsmuseet i helga.

- Det var ei ære å verte spurt om å lage song. Eg er dekksgut i polar samanheng. Kanskje eg vart spurt fordi eg spelar gitar, men eg har hatt mine opplevingar på Polarstar, seier Brandal til Vikebladet Vestposten.

Tre somrar hadde Per Arne sommarjobb på Polarstar. Turane gjekk til Grønland og Svalbard.

- Desse turane med Johan Holstad som skipper gjorde inntrykk på meg. Eg gløymer aldri kveldane i styrhuset med midnatssol over drivisen og karane som fortalde historier, seier Brandal til Vikebladet.

No har han laltså aga ein vals til Polarstar, ein shanty-aktig låt med fleire stemmer.

- Eg har prøvd å gjere melodien enkel men ikkje banal, og eg har lagt inn nokre grep med dramatisk nerve. For det kunne vere tøffe tak over Nord-Atlanteren i mars,  fortel Per Arne.

Kjem heim

MS Polarstar var Noregs første selfangar bygd i stål ved James Lamont-verftet i Glasgow, 1948. Det var den legendariske ishavsskipper Kristoffer Marø og skipsreiar Martin Karlsen som kontraherte og fekk bygd skuta. Mykje på grunnlag av erfaringar skipper Marø hadde gjort seg ved eit langt liv på selfangst.

Polarstar vart sjølve symbolet på moderne selfangst, og det gjekk ikkje lenge før også andre tok til å bygge ishavsskuter i stål. Polaris vart den første norskbygde ved Liaaen i 1951.

Polarstar fekk fryseri om bord, også dette var nytt på ishavsskutene. Dette gjorde at dei kunne fryse skinna på fangstfeltet for spekking ved heimkomst i Brandal. Fryseriet gjorde også at Polarstar kunne gå inn i fast frysefart i delar av året der det ikkje var fangst.

Polarstar gjekk mange år i ekspedisjonsfart på Grønland for Den Kongelige Grønlandske Handel. Skuta var av pionerane i oljeleiting i både Norske og Canadiske farvatn. Ho har vore med på å fotografere undervasskabel på bankane utanfor Newfoundland. Ho var på forsking og kvalmerking. Ho var Sysselmannen si skute i 9 år, og ho fekk vere turistskip på Svalbard gjennom store delar av -90 talet.

Og sjølvsagt var Polarstar på selfangst. Heile 33 år den lange vegen til fangstfelta på Newfoundland, og seinare 15-16 turar på fangst i Vestisen. I 1998 var det slutt for Polarstar. 100 år etter at selfangsten frå Sunnmøre tok til. Det har ikkje mangla på farefulle hendingar i skruis og brottsjø. Likevel var det  første del av 2000-talet som var mest skremmande då Polarstar vart berga frå opphogging to gongar.

Slita

Polarstar var slita då Willy Nesset med god støtte frå lokalt næringsliv fekk hand om skuta i 2008. I 2013 går Polarstar til Polen for restaurering i nært samarbeid med Riksantikvaren. Den 26. august kjem Polarstar heim til Brandal ny-restaurert. Det er eit enormt stort stykke arbeid som er utført desse åra i Polen. Frå topp til botn er alt gjennomgått, reparert og skifta ut. Skuta er ført tilbake slik den var rundt 1970. Det har vore ein lang og krevjande prosess, som er krona med stort hell.

No feirar Ishavsmuseet  heimkomsten til Polarstar tre dagar til endes.