– Det er meldt om eit tjuveri frå ein garasje. Gjerningsmennene stakk av i ein kvit varebil, opplyser politiet via Twitter.

Nokre fiskestenger er stolne, og saka kjem til å bli anmeldt.

Innbrotsforsøk

Politiet har og fått melding om det som vert omtala som "innbrot i ei bedrift" i Ørsta."Dette har skjedd i løpet av natt til i dag. Ukjent omfang, vert undersøkt seinare, blir anmeldt over helga", skriv politiet på Twitter.

Ved operasjonssentralen vert det opplyst at det ei rute er knust, og at det såleis ser ut til å handle om eit forsøk på innbrot.