15-årslaget til Ørsta kom skeivt ut, ogtok seg aldri inn att. Dermed er Ørsta G-15 ute av Dana Cup. Detvart 5-0 tap mot Agder-laget Trauma i 1/32 dels finalen.

- Eit lagvi godt kunne slått på ein betre dag, meinte Ørsta sin G-15 trenarTommy Synnes. Lagkaptein Sverre Orten var skuffa. - VI slapp inneit unødvendig mål i starten, og då vi var på veg tilbake raknadet, seier han.

Etter 3-0 ved pause var det lite tvil om kva vegdette gjekk. Dermed er DanaCup eventyret over for det yngste avØrsta-laga som er i Danmark.

- Målet var å kome til A-sluttspeletog det klarte vi. Så slik sett er vi nøgde. Og vi har hatt detveldig kjekt, og skal ha det kjekt vidare også, seier lagkapteinSverre Orten.

Alle Ørsta sin lag gjekk vidare til A-sluttspelet,noko som er ein prestasjon i seg sjølv. G-16- laget skal spele 1/32delsfinale klokka 14.00.

Samstundes skal det felles G-19 laget tilØrsta og Volda spele 1/16 dels finale. Ørsta-Volda sitt G-17 lagskal har walk over i 1/16 dels finalen og skal speleåttandedelsfinale torsdag kveld.

Volda hadde eitt lag iA-sluttspelet. Men dette laget, Volda G-16, vart utslått i førstekamp.