Ho ferierer på Rhodos, saman med Jon Arne Steinsvik frå Ørsta. Då jordskjelvet starta hadde ho akkurat lagt seg.

– Heile romet vogga ein meter fram og tilbake. Det var som å sitte i ein båt når det er bølger. Det heile føltest surrealistisk. Jordskjelv er noko eg berre har høyrd om på nyheitene, fortel Sigrid Tønnessen til Møre-Nytt.

Budde på gata

Hotellet, som ligg i gamlebyen i Rhodos by, vart evakuert.

–Vi sprang i berre lakenet det vi kunne ned frå tredje etasje og ut på gata, der vi valde å opphalde oss fram til  6-tida om morgonen. Det var eit kraftig jordskjelv, folk var redde, og vi fekk ikkje som mykje informasjon frå dei på hotellet om kva vi skulle gjere.

Ho fortel at dei har det bra.

– Mange fryktar etterskjelv, og vi har fått beskjed om å halde oss unna stranda, på grunn av fare for flodbølgjer.

Sprekker i hotell

Nabohotellet fekk store sprekker i veggane. Men hotellet som Tønnessen bur på er meir solid bygd, og det fekk ingen synlege skader.

–Lærdomen er at det kan vere lurt å bu på eit skikkeleg hotell, seier ho.