I middagstida fredag flaug ei ørn inn i frontruta på ein bil på Vartdalsstranda. Ørna er lokalisert, og kan vere skadd.

– Vi har sendt ut mannskap for å lokalisere ørna, og for å sjå kva tilstanden er, fortel assisterande rådmann Eldar Rune Øye i Ørsta kommune.

Politiet har gjeve kommunen som viltmynde ansvaret for å ta seg av ørna.

– Vi har prøvd å få tak i folk med kompetanse på området, men har ikkje lukkast å nå nokon enno. Det arbeidet held vi på med, samstundes som vi held fram med arbeidet med å vurdere tilstanden til ørna, fortel Øye.

Han fortel at mannskap har fått augekontakt med ørna, og at ho greier å flyge.

- Fyrst flaug ho om lag førti meter, og der etter om lag 200. Det kan tyde på at vengene er uskadde. Det er i samsvar med rapportane, for dei seier at ørna er flygedyktig, men kan ha skadd eit bein. Ho halta. Kommunen vil observere ørna, og sjå om det vil verte gjort forsøk på å fange henne, eller om ho frisknar til.

Det var på E39 mellom Barstadvik og Nordre Vartdal at ørna flaug inn i bilen.

* * *

Klokka 14.30 melder Ørsta kommune at ørna kan vere meir skadd enn frykta. Ho er igjen observert ved E39, og eit vogntog var nær ved å køyre på ørna. Ho vil ikkje, eller greier ikkje, å kome seg vekk frå området.