Det gjekk ikkje så bra for bussen som prøvde å køyre ned Vatnesvingane mellom Hunnes og Vatne i Ørsta fredag ettermiddag. Om bord sat tyske turistar, etter det Møre- Nytt får opplyst.

Snarveg

Bussjåføren har tatt kortaste vegen frå sør på veg til Sæbø/Hjørundfjord, men feilberekna tydlegvis standarden på vegen som for ikkje så lenge sidan vart omklassifisert til kommunal veg.

Krappe svingar

I ein ein av dei krappe svingane på Ørsta sitt svar på Ørnesvingane og Trollstigen køyrde bussen seg fast.

I løpet av kvelden har ein bergingsbil fått bussen ut av knipa.

- Det siste eg såg var at bussen rygga i retning Volda. Eg reknar med at vegen er open att no, seier teknisk vakt i Ørsta kommune, Arnstein Ose.