Tvillingbror til Vebjørn Sand, Aune Sand, er på plass i Ørsta og håper folk går mann av huse slik dei har gjort over heile landet.

- Det er svært givande å møte folk landet rundt og få takke dei for ei fantastisk støtte gjennom 35 år, noko som har gitt oss moglegheita til å satse så tungt internasjonalt og å jobbe med kunst. Vi er audmjuke overfor folket, seier Sand.

«Pop-up» utstillinga «Individets valg» inneheld heile 150 bilde. Og no har altså ørstingane ein unik sjanse til å sjå og kjøpe Vebjørn Sand sin kunst gjennom dei siste tiåra.

Les meir i papirutgåva laurdag.