Høgskulen i Volda skal undersøke tidsskriftene på oppdrag fra Kulturrådet. Dette melder Kulturrådet.

- Dei allmenne kulturtidsskriftene utgjer ein viktig del av vår felles ytringskultur. Dei fungerer som arenaer for opplysning, fordjuping og debatt om aktuelle kultur- og samfunnsspørsmål, og dei bidreg til formidling, analyse og kritikk innanfor og mellom dei ulike kunstområda, seier Kulturrådet.

Mange tidsskrift opplever økonomisk usikkerheit, og i tillegg bidreg digitaliseringa til å endre viktige vilkår for tidsskriftproduksjonen. På bakgrunn av dette utlyste Kulturrådet i november 2016 midlar til ei utgreiing om dei allmenne kulturtidsskriftene.

- Målet var å kartlegge situasjonen for dei allmenne kulturtidsskriftene og å bidra til auka kunnskap om deira betydning i den kulturelle offentligheta. Vi fekk fleire svært gode og interessant prosjektsøknader, fortel prosjektlleiar i Kulturrådet, Øyvind Prytz.

- Dette tyder på stor interesse for dei spørsmålene utgreiinga skal besvare.

Utgreiingsoppdraget skal gjennomførast av Paul Bjerke, Lars Julius Halvorsen, Bjarne Riiser Gundersen og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Prosjektleiar Paul Bjerke ser fram til å kome i gang med arbeidet.

- Dette er eit svært interessant og utfordrande oppdrag. Det vert forska mykje på digitaliseringa si betydning for dei store mediia. Men vi veit lite om korleis små nisjemedium og deira posisjon og betydning i sine felt vert utfordra av samfunnsmessige og teknologiske endringar. Vi håper og trur at utgreiinga kan bidra til meir kunnskap om dette, seier Bjerke.

Utgreiingsarbeidet skal etter planen vere ferdig i juni, men den endelege rapporten vert først publisert etter sommaren.