Hovdebygda og Blindheim hadde like mange poeng etter atten seriekampar, og målforskjellen var lik. Før møtet mellom laga onsdag kveld toppa Hovdebygda 5. divisjon med fleire skåra mål enn Blindheim. På kunstgrasbana i Hovdebygda var det gjestene som kom best i gang, og var tidleg nær skåring. Blindheim hadde det spelemessige overtaket dei første tjue minutta, men etter 23 minutt sende Bjørnar Holen vertane i føringa på eit frispark. Etter skåringa kom Hovdebygda mykje meir med i kampen, og det vart skapt fleire gode sjansar. Etter 31 minutt dobla Anders Nergård leiinga til heimelaget, og tre minutt før pause sette Jon Anders Dyrkorn inn 3-0. Rett før pause fekk Øystein Hovden sitt andre gule kort, og Hovdebygda måtte avslutte kampen med ti mann. Etter pause auka Robert Roseth leiinga til 4-0, og med sitt andre mål for dagen sette Holen inn 5-0. Blindheim reduserte to gonger, men det var heimelaget som kunne sleppe jubelen laus etter 5-2-siger. Hovdebygda har no ei luke på tre poeng ned til Blindheim. Åram/Vankam kan vere to poeng bak Hovdebygda i jakta på KM-tittelen om dei slår Vigra på bortebane laurdag.

På Legene møttest Åmdal og Vartdal til lokaloppgjer onsdag kveld. Vertane kom best i gang og var i leiinga 2-0 før det var spelt ti minutt. Åmdal auka leiinga til 3-0 før laga gjekk til pause, og Terje Rebbestad (2) og Andreas Foldal var målskårarane. I byrjinga av 2. omgang var det Åmdal som skapte dei store sjansane, og både Rebbestad og Kai Henning Leira kunne teikna seg på skåringslista. Banespelet i 2. omgang var relativt jamt, men gjestene sleit med å spele seg til store sjansar. Utover i omgangen fekk Åmdal mykje rom å springe i, og fem minutt før full tid lukkast heimelaget. Rebbestad gjorde eit flott forarbeid på venstresida, ballen hamna i beina på Sigurd Nybø på bakarste stolpe og han hadde ein enkel jobb på fastsette sluttresultatet til 4-0.

Bak Åmdal jaktar Giske. Dei slo Ellingsøy 2-1 onsdag kveld. Med tre poeng til Åmdal har dei passert Ellingsøy på tabellen, og har framleis fire poeng ned til Giske. Vartdal ligg på 11. plass i 5. divisjon.

Terje Rebbestad (2), Sigurd Nybø og Andreas Foldal skåra måla for Åmdal i 4-0-sigeren mot Vartdal onsdag kveld.