Klokka 02:00 natt til søndag fekk politiet melding om at ei kvinne i 30-åra hadde angripe ein mann med saks i Volda.

Mannen skal vere lettare skadd i hovud og hand. Sak vert oppretta.

Halvtimen før denne hendinga, 01:30 natt til søndag, fekk politiet melding om at ein mann i 20-åra hadde angripe ein drosjesjåfør. Han utøvde også vald mot politiet, og er satt i varetekt, melder politiet.