Det sa ordførar Jørgen Amdam i Volda då det var klart at Volda kommunestyre vedtok at Volda blir slått saman med Hornindal kommune.Føresetnaden for at dette skjer er at Hornindal kommune gjer tilsvarande vedtak torsdag denne veka.

Det vart ein lang debatt i kommunestyret tysdag ettermiddag. Tidlegare same dag hadde formannskapet tilrådd at Volda kommune sa ja til samanslåing med Hornindal kommune. Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, orienterte kommunestyret i Volda, før debatten starta. Han understreka at skeptikarane i Hornindal var negative til at Volda ville ha folkerøysting, men at fleirtalet vil til Volda.

- Nullalternativet er ikkje eksisterande i Hornindal kommune, sa Lødemel.

Arild Iversen (Krf) la både i formannskapet og kommunestyret fram eit alternativt forslag der intensjonsavtalen mellom kommunane vart gjennomgått på nytt og endra. Forslaget til Iversen fekk ikkje fleirtal i formannskapet, og i kommunestyret fall det med åtte mot nitten stemmer. Alle punkta i tilrådinga frå formannskapet fekk fleirtal.

Punkt 4 som lyder: Under føresetnad av tilsvarande vedtak frå Hornindal kommunestyre, vedtek Volda kommunestyre at Volda vert samanslegen med Hornindal kommune. Dette punktet vart vedteke med tjue mot sju stemmer.