- Dette er vi veldig godt fornøgde med. Over 90.000 badegjester er ei stor glede – og ei oppmuntring til å halde fram med å gi badeglede, seier dagleg leiar i Sunnmørsbadet, Karl Petter Sortehaug.

I mars i 2015 opna Sunnmørsbadet med sine 6400 kvadratmeter. Drifta av badet har gått svært bra, og ein fekk verkeleg testa ut både anlegg og tilsette i oppstarten med påske og ein kald tidleg-sommar. Då var det dagar på Sunnmørsbadet med besøk av rundt tusen badegjester.

Når året er omme kan ein telje opp nesten 92.000 besøkande, noko som gir ein snitt på godt over 300 per dag.

Om lag 7.500 av besøka er knytt til trening med fysioterapeut, besøk av bedrifter, skular og barnehagar. Det gjeld Møre barne- og ungdomsskule, skulane i Sande, Sunnmøre Folkehøgskule, barnehagar frå Ørsta og Volda, Oilcomp, Larsnes Idrettskule og Ulstein barneskule.

Resten, over 84.000 personar er store og små, unge og gamle, kortreiste og langvegsfarande som kjenner på badegleda i konkurransebasseng, bølgebasseng og varmtvassbasseng, i sklier og boblebad. Dei besøkande kjem frå heile Sunnmøre og Nordfjord.

- Sunnmørsbadet har vorte eit bad for heile regionen slik vi såg føre oss. Med nesten 92.000 besøkande fekk ein i 2015, i løpet av knappe ti månader, ei omsetning på 10,63 millionar kroner. Driftsresultatet vart på 2,87 millionar kroner. Dei 92.000 besøkande åt over 15.000 is og over 7000 pølser med chips.

Trivsel og tryggheit

Dagleg leiar Karl Petter Sortehaug seier det første året med det nye Sunnmørsbadet har gitt ein mykje å glede seg over. Godt besøk og overskot er to ting, men han vil også drage fram dei mange som har fått symjeopplæring.

- Vi har gitt om lag 8000 barn symjeopplæring i løpet av 2015. Det er ei langsiktig investering i barns liv og helse og ein uhyre viktig  del av det vi driv med i Sunnmørsbadet.

Som ein avleggar av symjeopplæringa er også ein symjeklubb i emning. Ein slik klubb er eit godt tiltak for å gi barn opplæring i korleis ein skal opphalde seg i og ved vatn, og dei som ønskjer større utfordringar og konkurrere i symjing må vere knytt til ein klubb.

Karl Petter Sortehaug fortel at 2016 også teiknar til å verte godt år, og at dei har som målsetning å passere 100.000 besøkande i løpet av året.

- Vi gler oss over stor aktivitet og gjer kvar dag vårt beste til at Sunnmørsbadet skal halde fram med å gi flest muleg badeglede.

FAKTA

Sunnmørsbadet i Fosnavåg opna i mars 2015.Kosta vel 250 millionar kroner. 6400 kvadratmeter med fem basseng, stupetårn og action, velvere og avslapping. Eigd av Herøy kommune, Herøy sanitetsforening, Herøy revmatikarforening, Olympic Shipping og Havila.