Klokka 17:10 kom det inn melding frå Politiet i Møre og Romsdal om samanstøyt mellom ein personbil og MC i Ørsta sentrum.

Kollisjonen skjedde i krysset mellom Kyrkjegata og Anders Aarsæter-gata.

Førar av bilen er uskadd og førar av MC er på beina, men vart sendt med ambulanse til Volda sjukehus for ein rutinemessig sjekk.

Det er manuell trafikkdirigering på staden.

Ifølgje Ulf Rognestad, befal i brannvernet Ørsta, kom førar av MC i feil køyrefelt, og dermed kolliderte han med bilen.